Nasjonal transportplan:

Her er prosjekta fylkeskommunedirektøren vil prioritere

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik meiner mellom anna E136 i Romsdalen, elektrifisering av Raumabanen og nye vegar til sjukehuset på Hjelset må prioriterast i Nasjonal transportplan for perioden 2022–2033.

LEGG FRAM TILRÅDING: Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik.  Foto: Richard Nergaard

Nyheter

Guttelvik er opptatt av at transportplanen må omfatte alle vegprosjekt, også dei fylkeskommunen har ansvaret for.

– Nasjonal transportplan må vere ei transportplan for all infrastrukturen, ikkje berre staten sine ansvarsområde, seier Guttelvik i ei pressemelding måndag kveld.

Han viser til at verdiskapinga skjer i heile fylket, ikkje berre langs riksvegane.

– Det er viktig at næringstransporten og andre som ferdast på vegane opplever eit heilskapleg vegnett, uavhengig av kven som eig vegen, seier han.


Vil at vegprosjekter skal holde hjulene i gang

Gryteklare vegprosjekt står i kø i ROR-kommunene. Nå håper kommunene at korona-krisen kan få fortgang i prosjektene.


Prioriteringslista

Fylkeskommunedirektøren tilrår desse prioriteringane:

  • Redusere forfallet og fornye eksisterande infrastruktur innan både staten og fylkeskommunen sine ansvarsområde.
  • Smart Lab for teknologiutvikling i transportsektoren i Møre og Romsdal, finansiert gjennom Nasjonal transportplan, slik at fylkeskommunane har like moglegheiter som staten til å ta del i denne utviklinga.
  • Utbetring av E136 frå Ålesund til Innlandet grense, som sikrar framkome for næringslivet.
  • Vegprosjekta som gir raskare og betre tilgjenge til nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal.
  • Byane er viktige for å oppretthalde og styrke attraktiviteten til Møre og Romsdal. Bypakkar og byvekstavtale er høgt prioritert. Dei gjer byane betre å bu i gjennom at fleire kan gå, sykle og reise kollektivt.
  • Elektrifisering av Raumabanen for å redusere klimagassutsleppa og sikre stabilitet for gods- og persontransporten.
  • Prosjekt som bidreg til samanhengande utbygging av lengre strekningar, som til dømes rv. 70 Meisingset-Ålvundfossen
  • Sikre utbygging av elektrisk kommunikasjon, inkludert straumnettet, for å sikre industrien og innbyggarane i Møre og Romsdal god nok kapasitet.
  • Stadt skipstunnel, som er viktig for skipsfarten nasjonalt og til/frå Møre og Romsdal.

E39 Molde-Ålesund med Møreaksen er ikkje nemnt i pressemeldinga, men står som punkt 14 i sjølve innstillinga.


E136 i Romsdalen og E39 Lønset-Hjelset ikke med i Vegvesenets planer om nye vegprosjekt

Ny veg henger i en tynn tråd?

Er den planlagte nyvegen mellom Lønset og Hjelset i Molde og vegbyggingen Marstein-Flatmark i Romsdalen fritt spill? Stortinget har ikke gitt penger til de to prosjektene. I forslaget fra Statens vegvesen om nye vegprosjekt fram til 2033 nevnes de ikke.


Til fylkesutvalet

Fylkespolitikarane skal behandle saka i samferdselsutvalet 6. mai, i fylkesutvalet 14. mai og endeleg i fylkestinget 15. og 16. juni.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal også gi innspel til transportetatane sine prioriteringar innan 1. juli i år. Desse innspela blir handsama i samferdselsutvalet og fylkesutvalet i juni, heiter det.

Stortingsmeldinga om nasjonal transportplan blir lagt fram i 2021.