Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal organiserer kontaktgrupper

Ringer til eldre for ein god prat – vil motverke einsemd i ei trasig tid

Lokallaga i gang med ringerundar - kontaktar eldre som sit åleine i desse koronatider.

Mellvin Steinsvoll telefon   Foto: Privat

Nyheter

– No når dei faste medlemsmøta ikkje er samlingspunkt lenger, må vi finne på andre ting for å halde kontakten. Så da er vi i gang med kontaktgrupper som ringer rundt. Det fortel Mellvin Steinsvoll, leiar for Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal.