Protesterer mot Raudsand-vedtak

– Molde har nøkkelen i deponisaka

Nabokommunar fortset protesten mot deponi på Raudsand - meiner Molde sit med nøkkelen. til løysing.

Ordførar i Gjemnes, Knut Sjømæling. Bildet er tatt tidlegare.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

Ordførarane i Gjemnes, Sunndal og Tingvoll protesterer saman med fylkesordførar Tove Lise Torve mot Kommunaldepartementets godkjenning av reguleringsplanen for deponi for farleg avfall og gjenvinningsanlegg på Raudsand. Dei uttrykker mellom anna at dei er opprørt over vedtaket, at følgjene av anlegget ikkje er godt nok greidd ut, at interessene til motstandarane av anlegget er sett til side, og at dei meiner det no er Molde kommune som har ansvaret.