Vil bu i telt ved sida av hytta – får nei

Ørsta kommune har fått fleire søknader frå folk med hytter og fritidsbustader som ynskjer å kunne bruke desse. Svaret er nei.

Det er folk som ynskjer å bu på hytta på Trandal   Foto: Rune Sæbønes, Møre-.Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt) Fleire stader i kommunen har folk frå andre kommunar hytter og fritidsbustader. Nokre av dei ynskjer å nytte seg av desse, sjølv om regjeringa har lagt ned forbod mot å overnatte på hytter/fritidsbustader i ein annan kommune.