Utvidar rundkjøring på Vestnes

Rundkjøringa på E39 ved Shell på Vestnes blir utvida med ei fjerde arm. Kommunen måtte heilt til departementet for å få grønt lys til å starte arbeidet.

Her blir den fjerde arma på rundkjøringa på E39 ved Shell på Vestnes opparbeidd.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

Den fjerde arma går inn til Vestnes idrettspark og friarealet ved Kråkvika. Her blir det laga til ein offentleg parkeringsplass med rasteplass som kan brukast av alle.