Vil oppdatere seg om alternativa:

– Vil sjå om det er realisme i deponialternativa som er diskutert

Fredag formiddag fekk klimaminister Sveinung Rotevatn statusrapport om deponiprosjektet på Raudsand.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn vil gjere seg kjend med planane for lokalitetane som er peika ut som mulege alternativ for deponi for farleg avfall, nemleg Raudsand, Odda, Gudvangen og Brevik.  Foto: Terje Pedersen

Nyheter

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) hadde invitert representantar for Bergmesteren Raudsand og Molde kommune til møte for å få status om Raudsand-prosjektet. Møtet var først planlagt i departementet, men vart halde som telefonmøte.