Innlagd pasient ved Molde sjukehus har testa positivt på koronasmitte

Ein innlagd pasient ved Molde sjukehus har testa positivt på koronasmitte.
Nyheter

Det skriv Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Pasienten testa positivt på koronasmitte seint tysdag kveld 17.mars. Pasienten er busett i Sunndal kommune.

-Pasienten blei henta i ambulanse og kom akutt sjuk inn til sjukehuset måndag kveld. Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrer blei følgt ved transport og innlegging. Pasienten ligg på isolat på intensivavdelinga. Tilstanden er alvorleg, men stabil, seier Georg Johnsen, klinikksjef ved Molde sjukehus.

Verken tilsette, eller andre pasientar ved Molde sjukehus har vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten. Helse Møre og Romsdal har dialog med Sunndal kommune og kommunen har starta smittesporing.

I en pressemelding skriver Sunndal kommune:

«Pasienten som er innlagt på Molde sykehus hadde svært begrenset antall kontakter, og smittesporingsarbeidet knyttet til denne anses nå som avsluttet.»