Språkspalten

Hålke? Holke? Flott? Flått?

I rettskrivinga er det ikkje alltid godt å vite kvifor me skriv eit ord med «o» eller «å».

Om ein les verbet «å koste», kan ein lure på om det gjeld å bruke feiekosten, eller om det dreier seg om pengar. «Kosten» kan vere ein feiekost eller mat og drikke. 

Nyheter

Både «lov», «kål», «godt» og «gått» uttaler me med den same vokallyden å, men me skriv dei ikkje med same bokstaven. Ord som me uttaler med o-lyd, skriv me derimot aldri med bokstaven å. Fordelinga på «o» og «å» i skrift har med språkhistoria å gjere og er i grove trekk den same i dei tre skandinaviske språka norsk, dansk og svensk. Bokmål og nynorsk har lik fordeling bortsett frå mindre ordgrupper.