Historisk på Gossen - markerte 8. mars for aller første gong

– Godt at ein endeleg markerer den internasjonale kvinnedagen, også i Aukra, meinte kveldens yngste talar, Amalie Løwe (18).

Sterke kvinnerøyster: Likestilling, sjølvtillit og fellesskap var blant tema desse sterke kvinnene snakka om på 8.mars-markeringa på Gossen. Frå v. Sosan Mollestad, Eolyssa Mihene, Amalie Løwe, Mayada Alfaiyad, Brit Bildøen, Aliya Linapoya og Aud Mork.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

Aukra: Med forfattar Brit Bildøen, likestillingsprisvinnar Mayada Alfaiyad og tidlegare ordførar Aud Mork var unge Amalie Løwe i godt selskap då Kvinnedagen blei markert i Aukra søndag ettermiddag. Eit samarbeidsprosjekt mellom Gossen Bygdekvinnelag og Eining for Innvandring og Integrering som ga godt besøk på historias første Kvinnedagsarrangement i gass-kommunen.