UKM i Aukra avlyst – for lav oppsluting

Tre påmelde innslag utgjorde ei historisk lav oppslutning om årets UKM-arrangement i Aukra. – Kanskje har mange unge nettverka sine andre stader, eller har andre interesser dei prioriterer i staden?

Valde å avlyse: Arrangør Aukra ungdomsråd valde å avlyse årets UKM-arrangement på laurdag grunna lita oppslutning. – Heldigvis berga den nye ordninga oss, slik at dei påmelde kan vise fram innslaga sine til fagpersonar på Aukra kulturskole, fortel leiar Enid Melsæter. (nr 2 frå h). Frå v. Julie Nesje, Vilde Try Sporsehim,ungdomsarbeidar i Aukra kommune, Lene Marita Ræstad, Vinosana Paskaran, Enid Melsæter og Ida Eline Hauvik.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

– Vi valde å avlyse arrangementet. Dei tre som var påmelde vil få tilbud om å vise innslaga sine for fagpersonar i Kulturskolen, slik at dei kan bli vurdert og eventuelt nominert til å gå vidare, fortel ungdomsarbeidar i Aukra kommune, Lene Marita Ræstad, til Romsdals Budstikke.