Eikesdal Bygdelag krev at kommunestyret i Molde straks startar arbeidet:

Vil ha Mardalsfossen tilbake i fritt fall

Hovudkravet er at konsesjonen til utbygging av Austre Mardøla blir oppheva, og at Mardalsfossen blir ført tilbake til naturen.

– Mardalsfossen er ein av landets (verdas) flottaste fossar og fremste turistattraksjonar, og burde aldri ha vore utbygd, argumenterer Eikesdal Bygdelag. Her Marit Wadsten i bygdelaget ved eit tidlegare høve.  Foto: Anita Vingen

Nyheter

(Driva): Det er i eit brev til kommunestyret i Molde at Eikesdal Bygdelag kjem med det klare kravet til politikarane. I år er det femti år sidan konsesjonen til Grytten kraftanlegg vart gjeve og det er høve til å krevje revisjon av konsesjonsvilkåra. Bygdelaget meiner arbeidet med revisjonen må starte umiddelbart, og peikar på Rauma kommune som ein naturleg samarbeidspartnar.