Stormfloa: 15 i beredskap ved I.P.Huse kunne puste letta ut

Stormfloa som var meldt i natt fekk ikkje hjelp av vinden.

Nærast litt idyllisk på kaia til I.P.Huse på Steinshamn. Like over midnatt stoppa floa akkurat på kaikanten, som var om lag 30 cm. lågare enn flovarslinga.  Foto: Svein Ove Søholdt

Nyheter

Floa like over midnatt mangla 7 cm. på nivået til målinga for Dagmarorkanen 25.11. 2011, og 18 cm. for å nå golvnivået til maskinhallen. Dersom prognosen hadde slått til med 3,17 meter over sjøkart null, ville sjøvatnet stått 10 cm. over golvet.