I.P.Huse på Steinshamn førebur seg på stormflo til natta

Dersom varslinga slår til vil sjøen gå 15-20 cm over golvnivået i maskinverkstaden hos I.P. Huse i natt.

Produksjonsjef ved I.P.Huse Håkon Heieraas (til venstre) og vaktsjef Steinar Orten førebur seg på stormfloa som er venta ved midnatt, natt til tysdag.  Foto: Svein Ove Søholt

Nyheter

Floa no likefør kl. 12.00 var godt under golvnivå, men på neste flo til natta vil havnivået stige til 3,17 meter over sjøkart null. Dersom denne varslinga slår til vil sjøen gå 15-20 cm. over golvnivået i maskinverkstaden. Det er denne hallen som er mest utsatt.