Vogntog av vegen på Ørskogfjellet

E39/E136 over Ørskogfjellet var stengt i kortare periodar.

BILBERGING: Uforkøyringa skjedde på Fremstedal, på Vestnes-sida av Ørskogfjellet.  Foto: Einar Orten Trovåg, Sunnmørsposten

Nyheter

(Smp) Politiet melde cirka 16.50 tirsdag at eit vogntog hadde køyrt av vegen på Ørskogfjellet.

Bilberging kom i gang og Vegtrafikksentralen opplyste om at bilistane måtte belage seg på venteperiodar på opptil ein halv time.

Sunnmørsposten hadde tilfeldigvis ein journalist og ein fotograf på veg over fjellet. Dei rapporterer at dei passerte staden utan å verte forsinka meir enn eit par minutt.

Tove Anita Asp ved politiets operasjonsentral, seier at føraren av vogntognet ikkje skal vere skadd:

– Vi har ikkje høyrt noko anna enn at alt skal vere bra med sjåføren.

Saka sto først i Sunnmørsposten