Ho skal leie Klinikk for kvinner, barn og ungdom

Elisabeth Siebke er tilsett som klinikksjef i Klinikk for kvinner barn og ungdom, etter å ha vore konstituert i stillinga i eit halvt års tid.

Elisabeth Siebke er tilsett som klinikksjef i Klinikk for kvinner barn og ungdom, etter å ha vore konstituert i stillinga i eit halvt års tid.  Foto: MARIT HEIENE

Nyheter

- Eg er utruleg takksam for å ha blitt tilbudt jobben. Dette er fagområde som eg brenn for, og som eg ser fram til å vidareutvikle saman med dei dyktige fagfolka som jobbar her, seier Siebke i ei nyheitsmelding på Helse Møre og Romsdal.

Siebke er utdanna lege med spesialisering i pediatri og har jobba i helseføretaket sidan 1988. Ho blei avdelingssjef i Ålesund i 2012, og frå 2017 har ho vore felles avdelingssjef for barnemedisin og habilitering i Møre og Romsdal.

Adm. dir Øyvind Bakke er godt nøgd med å ha fått på plass denne tilsettinga.

– Eg har fått eit svært godt inntrykk av Elisabeth som ein tydeleg og engasjert leiar, og ho har vore ein viktig del av leiargruppa i tida eg har vore i helseføretaket. Eg ser fram til eit godt samarbeid med Elisabeth, seier Bakke i meldinga.

Blir sjef ved Ålesund sjukehus

Måndag blei det klart at Elisabeth Siebke er blitt konstituert som klinikksjef for Klinikk Ålesund sjukehus, i omorganiseringa som tek til å gjelde frå 1. mars. Helseføretaket seier at dei jobbar med å få på plass ein konstituert klinikksjef i Klinikk for kvinner barn og ungdom så snart som mogleg.

Stillinga som klinikksjef ved Klinikk Ålesund sjukehus blir lyst ut eksternt snarleg, skriv HMR.


Georg Johnsen blir sjef for Klinikk Molde sjukehus

Georg Johnsen blir klinikksjef for Molde sjukehus, Åge Austheim for Kristiansund sjukehus, Elisabeth Siebke for Ålesund sjukehus og Knut Nautvik for Volda sjukehus.


Varslar vedtak i vår

Elisabeth Siebke får ei viktig oppgåve på eit felt som har trigga særleg sterke konfliktar i helseføretaket i fleire år: samanslåing av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund. Eit vedtak i fjor vår om å slå saman avdelingane frå august i fjor, måtte trekkast tilbake etter sterke protestar frå borgarar og politikarar. No har helseføretaket varsla eit nytt vedtak om saka i vår ein gong.

Leiinga i HMR har fleire gonger undestreka kor viktig det er å slå saman fødeavdelingane i god tid før dei flytter saman i fellessjukhuset SNR på Hjelset. Men det er sterk usemje om kor lang tid på førehand det er nødvendig å slå saman avdelingane. Fleire, mellom dei Bunadsgeriljaen, slåst for at fødeavdelinga i Kristiansund skal bli verande der også når SNR står ferdig.

PS: Eli Bente Langva, seksjonsleiar for poliklinikk, barn og ungdom Molde og Ålesund, vil framleis vere konstituert som avdelingssjef i Avdeling for barnemedisin og habilitering. Stillinga vil bli lyst ut snart.