Vil igjen fremme saka til behandling i Molde kommunestyre:

Krev omkamp om deponiplan - ordføraren seier nei

Opposisjonspolitikarar har meldt inn deponiplan-sak til i kommunestyret i Molde. Men Torgeir Dahl (H) vil ikkje sette saka på sakskartet.

Vil oppheve: Deler av opposisjonen krev igjen å få reguleringsplanen for Raudsand opp i Molde kommunestyre. F.v. Knut Iversen Fosseide, MDG, Anne Merete Varhaugvik, SV, Ivar Aasgaard Røsand og Morten Walløe Tvedt, Rødt, Anders Torvik, Ap. Også Frp er med på forslaget. Bildet er tatt tidlegare.  Foto: BJØRN BRUNVOLL

Nyheter

Rødt Molde, SV, MDG, Frp, og Anders Torvik frå Ap fremmer på nytt sak om å oppheve reguleringsplanvedtaket frå Nesset i mai i fjor. Det er dei same som står bak framlegget av saka om reguleringsplanen på Raudsand i desember.