Eitt år til innflytting på helsehuset Stella Maris på Vestnes til 436 millionar

Inviterte til mønskål

Bygginga av det nye helsehuset Stella Maris på Vestnes går etter planen. Torsdag inviterte Vestnes kommune arbeidarane til mønskål, der det vart skåla i brus.

Full kontroll: Alt går etter planen, fortel prosjektleiar Vidar Johansen i Skanska.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

VESTNES: Det er tradisjon at når eit nybygg er tett, blir arbeidarane invitert til mønskål. Det skjedde i ein utvida lunchpause på Vestnes fjordhotell torsdag, der arbeidarane fekk mange godord frå leiinga i Vestnes kommune.