Møre og Romsdal mistar fleire statsrådar, men nye kan kome til:

Vil ha Helge Orten inn i regjeringa

Helge Orten har gjort ein god jobb som leiar i samferdelskomiteen og bør vere høgaktuell som statsråd. Det meiner Dag Olav Tennfjord, leiar i Møre og Romsdal Høgre.

FORESLÅR ORTEN: Dag Olav Tenfjord, som også var den siste ordføraren i Skodje kommune, meiner Helge Orten vil vere ein god statsråd. Han har mest erfaring av Høgre sine politikarar i fylket og nyt stor respekt i partiet.   Foto: TERJE ENGÅS, SUNNMØRSPOSTEN

Nyheter

(Smp:) – Orten er den første eg kjem på. Han nyt stor tillit i partiet, seier Tenfjord om den tidlegare Midsund-ordføraren.