Hamnedirektøren:

– Ingen klimaeffekt av å flytte skip til Moldegård

Hamnedirektør Olav Akselvoll meiner flytting av skip til Moldegård ikkje vil ha effekt for klimagassutslepp.

Direktør for Molde og Romsdal Havn, Olav Akselvoll. Bildet er tatt tidligere.  Foto: Ewa Morsund

Nyheter

– Når det gjeld klimagassutslepp vil det ikkje ha klimaeffekt å flytte skip frå Storkaia til Moldegård. Når det gjeld lokal forureining (NOx, Sox, partiklar) kan det ha ein effekt, men det behøver ikkje ha det, seier Olav Akselvoll, direktør for Molde og Romsdal Havn, MRH.