Gir seg etter 12 år som «vikar» for næringslivsarbeidet i Nesset

– Eg har møtt mange imponerande dyktige folk gjennom jobben i Nesset Vekst seier Ulrik Molton.

NÆRINGSHUSET: – Flotte lokale å vere lokalisert i, seier Rolf Jonas Hurlen og Ulrik Molton.  Foto: SIGMUND TJELLE / DRIVA

Nyheter

(Driva) Han tok over leiarjobben i det som den gongen var Nesset Næringshage i 2007. Rolf Jonas Hurlen hadde hatt jobben i knapt to år da han vart vald til ordførar i Nesset. Dermed måtte styret finne ein erstattar. Ulrik Molton hadde vore tiltakskonsulent i Nesset og var tilsett ved næringshagen i Sunndal da han sa ja til å gå inn som vikar medan Hurlen var ordførar. At det skulle gå 12 år før vikarjobben var unnagjort, hadde nok ingen av dei heilt sett for seg.