Hardt å få dei unge tilbake

Berre 34 prosent av ungdomane frå Møre og Romsdal som tok utdanninga si ved ein skule utanfor Vestlandet, var to år etter avslutta utdanning flytta heim att.

Gode jobbar og gode fritidstilbod er noko av det viktigste for å få dei unge til å flytte hit, meiner spesialrådgjevar Ole Helge Haugen i Møre og Romsdal fylkeskommune.  Foto: Richard Nergaard

Nyheter

(Sunnmørsposten): Tilsvarande tal for Sogn og Fjordane var 44 prosent. Det viser ei undersøking gjort av Høgskulen i Oslo og Akershus i 2012. Tala for Rogaland og Hordaland viste til dømes at der var det langt fleire unge som flytta heim att.