Hustadvika og Gjemnes har ikkje psykolog trass i lovkrav om at alle kommunar skulle ha det på plass frå 1. januar

Manglar psykolog – dermed bryt dei lova

Hustadvika og Gjemnes med til saman 16.000 innbyggarar manglar psykolog. Medan Rauma har to – like mange som Molde.

VERDSMEISTER: – Da eg først skreiv utlysingsteksta til psykologstillinga, såg eg at vi søkte ein «verdsmeister». Så vi var opne for å tilpasse stillinga noko til aktuelle kandidatar, seier Anders Høe, leiar for Meistringseininga i Hustadvika. Dei fekk 1 søkar, som trekte seg.   Foto: BJØRN BRUNVOLL

Nyheter

Frå 1. januar tok ho til å gjelde, lova som krev at alle kommunar skal ha psykolog eller tilgang til psykolog i helse- og omsorgstenestene sine. Målet er å styrke kvaliteten i det tverrfaglege arbeidet med psykiske og rusrelaterte lidingar.