Fisk, feidar og ny frisk

Ho har stått i kystens puls med klippfisk, sild og laks – og i forfall og strid då fisken var ute. No skin ho igjen, i nypussa drakt. Men kva framtid ventar Antonbua?

ANTONS SJØBUER: Anton I. Misund bygde stegvis opp forretning og fiskarmottak. Dei to buene på bildet vart seinare bygd saman til ei; Antonbua. Ved kai MK Havbrott.   Foto: FOTO: Midsund slekt- og historielag

Nyheter

Nede ved Midsundbukta har no Kulturminnecompagniet pakka saman og avslutta restaureringsarbeidet. Antonbua, som for eit års tid sidan stod der nokså nedsarva, lyser no med nymalte vegger, fint ordna gamle vindauge, og nypussa skifertak. Dermed er eit nytt kapittel i sagaen om den svært så omtalte sjøbua i Midsund sentrum avslutta. Ingen selvfølge – bua har vore tema for mykje strid og debatt, også om riving.