Motsegnkommunane hadde møte i departementet

– Inga avgjerd om deponiplan denne veka

Gjemnesordførar Knut Sjømæling etter møte i departementet: – Dei lytta, og vil bruke tid på argumenta våre.

Frå møtet i Kommunaldepartementet, F.v. Ordfører i Halsa, Ola Rognskog, ordfører i Averøy, Ingrid Ovide Rangøynes, ordfører i Sunndal, Ståle Refstie, ordfører i Gjemnes, Knut Sjømæling, statssekretær Lars Jacob Hiim, ordfører i Tingvoll, Ingrid Waagen, Per Gunnar Løset, rådgiver Tingvoll kommune, Kristin Sørheim, representant Møre og Romsdal fylkeskommune.  Foto: Privat

Nyheter

– Vi opplever at vi blei lytta til, og tatt på alvor. Og at departementet vil bruke tid på avklare dei forholda vi har kome med innspel om, oppsummerer Knut Sjømæling etter møtet i Kommunaldepartementet onsdag.