Ulrik på 10 år får Miljøprisen 2019

– Ulrik er eit symbol på engasjementet som barn og unge har for klima og miljø. Vi ønskjer å sende ein spesiell takk tilbake til han og til den oppvoksande generasjonen. 

Fylkeskommunen gir Miljøprisen til Ulrik Sandøy Sørensen, 10 år.   Foto: PRIVAT

Nyheter

Det seier Marit Nerås Krogsæter, leiar av kultur-, nærings- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utvalet gjorde tysdag samrøystes vedtak i saka. Dei skriv i pressemelding at det kom inn mange sterke kandidatar, men at fylkespolitikarane særleg beit seg merke i den unge kandidaten frå Nordmøre.

Vil redde skilpadder

Ulrik, som bur på Frei, har samla plast langs sjøen i mange år, og sparar pengar til å kunne reise ut i verda og rydde plast og redde skilpadder.

– Han er veldig dedikert til saka, seier ein glad og rørt pappa Ronny Sørensen i meldinga.

DEDIKERT: – Han er veldig dedikert til saka, seier ein glad og rørt pappa Ronny Sørensen om sonen Ulrik Sandøy Sørensen. 10-åringen får prisen på fylkestinget i Molde 9. desember.  

Prisen er eit kunstverk av ein kunstnar frå Møre og Romsdal, og 15.000 kroner.

Prisutdelinga skjer på fylkestinget måndag 9. desember på Scandic Hotel Alexandra i Molde.

FAKTA OM MILJØPRISEN:

  • Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut ein miljøpris.
  • Prisen skal gå til nokon som i løpet av året har gjort eit særleg veridfullt arbeid innan biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.
  • Desse har fått miljøprisen tidlegare:

2018: Sødahlhuset AS

2017: Plastfritt Giske

2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS

2015: Stranda Prolog AS

2014: Naturvernforbundet

2013: Standal knuseverk AS

2012: Alv Ottar Folkestad

2011: Norsøk

2010: Olav Bye

2009: Runde miljøsenter