Mandag fikk 60 av dei 80 tilsette ved Vard Aukra oppsigelse

– Det er noko ekstra når dagen no er her

60 av dei 80 tilsette ved Vard Aukra fekk måndag den dystre beskjeden: Etter endt oppseiingstid er arbeidet deira ved skipsverftet over. – Stemninga er trykka, seier tillitsvalt i Fellesforbundet, Arild Småge.

Siste leveranse: Den siste av sju ferskfisktrålarar legg frå kai med kurs mot Island i desember. Då er ein æra over, ordrebøkene er tomme og etterkvart 80 personar mister jobben ved Vard Aukra. – Det er ei trykka stemning her no. Vi har folk som har hatt «Brukje» som arbeidsplass i heile sitt yrkesaktive liv og nedlegginga av drifta vil få store ringverknader i lokalmiljøet, meiner tillitsvald for Fellesforbundet, Arild Småge.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

AUKRA: Det var ein trist dag for dei tilsette ved Vard Aukra då oppseiingane vart delt ut måndag. Av dei totalt 80 tilsette fekk 60 den tunge beskjeden: Etter enda oppseiingstid er tida deira ved «Brukje» over.