Million-husleige velta hotellplanar for Antonbua

Skuffa over kommunen, men gir seg ikkje - i gang med ny hotellplan

For hotellaktør Ann Jeanette Bjørk var Antonbua Plan A. Det blei for dyrt, no er ho i gang med Plan B.

NY TOMT: Anne Jeanette Bjørk på tomta ved Antonbua, der hotellbygget til Midsund gjestestove var tenkt oppført. No er ein annan stad aktuell.   Foto: PRIVAT

Nyheter

– Eg trudde først det var ein spøk, da kommunen kom med tilbodet. Så vart eg skuffa, og så forbanna, seier hotellaktør Ann Jeanette Bjørk. Ho har lenge arbeidd med plan om hotell i Midsund sentrum, og hadde håpa å kunne ha restaurantdelen og nokre rom inne på den gamle, delvis renoverte Antonbua. Ho trudde at kommunen også ville gjere det dei kunne for å få til dette.