Må «kna» SNR-kostnader for nesten 700 millionar

Nye prognoser for fellessjukehuset på Hjelset.

SNR Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.  Foto: Helse Midt-Norge

Nyheter

Prognosen for kor mykje SNR vil koste etter dagens planar, er no oppjustert til over fem milliardar kroner. Ramma er på berre knappe 4,5 milliardar kroner. No skal prosjektleiinga og entreprenøren Skanska i gang med eit arbeid der dei i samarbeid skal prøve å ta ned kostnadane tilsvarande spriket som er berekna til 689,4 millionar kroner. Dette arbeidet skal pågå frå oktober til sommaren 2020. Først etter dette blir det klart korleis nysjukehuset kan byggast.