Storutbygging i gang – ferdig februar 2021

Midsund skule liknar for tida eit anleggsområde, men skulekvardagen går som normalt – nesten.

BYGG & ANLEGG: Byggeperioden ved Midsund skule er berekna å vare om lag halvanna år – skulen skal stå ferdig utbygd i 2021.  Foto: Anders Brandsæter

Nyheter

Gravemaskiner og anleggsarbeidarar pregar uteområdet ved Midsund skule for tida. Den store utbygginga av skulen er no i full gang, etter at det vart gjort rivingsarbeid i haustferien sist veke.