Øksendalstunnelen blir stengt for syklistar

Eit samrøystes samferdselsutval støttar innføringa av forbod for gåande og syklande gjennom Øksendalstunnelen. No skal gammelvegen over Vettamyra i staden tilretteleggast for sykling i sommarhalvåret.

FORBOD: Samferdselsutvalet innfører forbod mot syklande og gåande gjennom Øksendalstunnelen. Syklistane får sykle gammelvegen over Vettamyra i sommarhalvåret.  

Nyheter

(DRIVA.NO) Statens vegvesen sendte tidlegare i år ut eit forslag om forbod for gåande og syklande i fem tunnelar i Møre og Romsdal. Øksendalstunnelen var den eine av tunnelane. Vegvesenet meiner ei løysing der det er muleg å sykle gammelvegen over Vettamyra vil ivareta syklistane på ein tilfredstillande måte.