Radarparet held fram i gjemnespolitikken

Ikkje uventa held Knut Sjømæling (Sp) fram som ordførar i Gjemnes etter brakvalet Senterpartiet gjorde i Gjemnes.

I FØRARSETET UT 2023: Det nye formannskapet i Gjemnes har fire spennande år å sjå fram til. Knut Sjømæling (Sp) blir ordførar med Jan Karstein Schjølberg (Ap) ved sida si som varaordførar. Resten av laget er f.v. Johan Aimar Brandvik (Sp) (ny), Borghild Neergaard Aarset (Sp) og Jon Hals (H) (ny).   Foto: Oddbjørn Harnes

Nyheter

Også Jan Karstein Schjølberg (Ap) har fornya tillit og blir varaordførar i fire år til.