Vestnes seniorakademi med tankevekkande foredrag om Spanskesjuka

– Det kan skje igjen

Halvparten av Norges befolkning vart smitta av spanskesjuka i 1918/19, 15000 døde. Unge vaksne vart hardast ramma.

Tema som engasjerte: Professor Martinus Løvik saman med Birgit Torkildson Grotle, leiar i Vestnes seniorakademi.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

VESTNES: Spanskesjuka var tema på oktobermøtet til Vestnes seniorakademi onsdag. Salen på Myra kulturhus var så å seie full då professor emeritus Martinus Løvik starta foredraget. Han hadde lagt ned eit svært grundig forarbeid, der han tok heile spennet frå medisinske forklaringar til korleis spanskesjuka ramma lokalsamfunn i Romsdal.