Avslutta «Sammen» med vennskapskamp

Søndag vart første runde med prosjekt «Sammen» i Aukra kommune avrunda med fotballkamp på Riksfjord stadion. – Det har vore kjempepositivt, fortel ungdomsarbeidar i Aukra kommune, Wenche Nesje, som snart inviterer lokal ungdom til neste runde av vennskapsprosjektet.

Avslutta prosjektet: Denne gjengen har hatt mykje moro det siste året gjennom SOS Barnebyer sitt «Sammen»-prosjekt. Bak frå v. Einar Hostad Aukan, Sebastian Nerbøvik, Hayat Khan, Tsenat Tekle og Quadrat Fanjakhel. Framme frå v.: Vilde Try Sporsheim, Weronika Kosinska, Mohamed Hamid, Julie Nesje og ungdomsarbeidar Wenche Nesje.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

Aukra: For eit år sidan valde Aukra kommune å bli med på SOS Barnebyer sitt prosjekt «Sammen». Her blei lokal ungdom invitert inn i vennskapsgrupper saman med einslege mindreårige flyktningar, for å planlegge og gjennomføre aktivitetar i lag.