Kjempeklaff for «torgkjerringane» på Løvikremma

Det såg lenge mørkt ut for «torgkjerringane» i Gossen Bygdekvinnelag, som skulle arrangere Torgdag på Løvikremma Kystgard laurdag. Men med gode hjelparar og smørblide vérgudar vart det full klaff for dei driftige damene.
Nyheter

Aukra: Med 15 utstillarar som kunne tilby alt frå fiskeprodukt til heimelaga ripsgelé og stiklingar, med tidenes fest-kakebord og rykande fersk rømmegraut var det lutter smil og glede blant dei fleire hundre frammøtte i solveggen på Løvikremma Kystgard.