Bil mot sykkel på Fuglset

Syklist til sjukehus.

  Foto: Torill Skuseth

Nyheter

Ein ung syklist vart frakta til sjukehus etter samanstøyt med ein bil like ved Bunnpris-butikken på Fuglset fredag ettermiddag.

- Vi kjenner ikkje skadeomfanget, men har fått opplyst at det ikkje er snakk om alvorleg skade for syklisten, ein 13 år gammal gut, opplyser Leif Arne Mork ved politiets operasjonssentral til Rbnett.

Politiet melde fredag klokka kl 1815 at naudetatane rykka ut til Bunnpris Fuglset, etter melding om samanstøyt mellom bil og sykkel.

- Samanstøyten skjedde i krysset Kvernvegen - Frænavegen, da syklisten kom frå Kvernvegen, opplyser Mork.