To skolar er nominert til dronningens skolepris

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har nominert Eidsvåg barne- og ungdomsskole og Midsund Montessoriskule til Dronning Sonjas skolepris 2019.

Skolepris: Dronning Sonja delte selv ut sin egen skolepris til Apalløkka skole i Oslo i fjor.  Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Nyheter

Det opplyser Fylkesmannen i ein pressemelding.

Dei to skolane går difor vidare i den landsomfattande konkurransen om å være best i landet på å praktisere likeverd og inkludering i skolekvardagen.

Kriteria for å søke om prisen er mellom anna at skolen:

  • jobbar langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
  • praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar einskild elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverking, tryggleik og fellesskap.
  • Er god på positive relasjonar mellom elvane og dei tilsette, elevane imellom samt eit godt samarbeid mellom skole og heim.