Inga endring i arbeidsløysa i fylket i juli

Arbeidsløysa i juli er omtrent den same som i juni i Møre og Romsdal.
Nyheter

– Når vi tek omsyn til vanlege sesongsvingingar er arbeidsløysa i juli omtrent den same som i juni. Samanlikna med juli i fjor har vi hatt ein reduksjon i arbeidsløysa på nærare 16 prosent. Reduksjonen i landet er 6 prosent i same periode, så utviklinga har vore relativt god i vårt fylke, seier fungerande direktør Astrid Paulsen i ei pressemelding frå Nav i Møre og Romsdal.

I juli 2019 er 3 035 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,2 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 15,9 prosent frå same månad i fjor.

I juli 2019 har vi 589 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 15 færre enn i juli 2018. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 624 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,2 prosent for kvinner og 2,2 prosent for menn.

I landet er det 66 337 heilt arbeidslause. Dette er 2,4 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 6,0 prosent samanlikna med same periode i fjor.