Nye problem for ferjene til Gossen og Otrøya

Alternativ rute også tirsdag kveld.
Nyheter

Fjord 1 melder tirsdag kveld at det  igjen blir alternativ rute grunna tekniske problem i sambanda Solholmen - Mordalsvågen og Aukra Hollingsholmen.

Dermed blir det igjen «trekantsamband» med ei ferje der alle avgangar frå fastlandet skjer frå Hollingsholmen. Frå tidleg onsdag skal ferjene igjen gå i noral rute, heiter det i trafikkmeldinga.


Fjord1 har slitt med å få tak i mannskap til å bemanne erstatningsferja til Midsund

Reserveferje er satt inn - rutene i vanlig drift

Avløsningsferja BF Årdal har nå gått inn i sambandet Solholmen-Mordalsvågen. Fjord1 melder at ferja er i trafikk fra klokka 15.00 tirsdag.


Alternativ rute

Slik blir ruta i tirsdag kveld:

Rute 30 Solholmen - Mordalsvågen: Avgang frå Hollingsholmen kl 2015, kl 2145, kl 2315 og kl 0045. Avgang frå Solholmen kl 2045, kl 2215 og kl 2345. Det vert normal drift i sambandet frå rutestart i morgon med avgang frå Solholmen kl 0525.

Rute 31 Aukra - Hollingsholmen: Avgang frå Hollingsholmen kl 2115, kl 2245 og kl 0015. Avgang frå Aukra kl 2130, kl 2300 og kl 0030. Det vert normal drift i sambandet frå rutestart i morgon med avgang frå Aukra kl 0500.

Tekniske problem


Fylkeskommunen vil kreve erstatning fra Fjord 1 etter ferjeavbruddet på Midsund-ferja

– Må være siste gangen

– Jeg håper dette er siste gangen vi opplever at ferjeberedskapen blir så dårlig håndtert av Fjord 1, sier lederen av samferdselsutvalget i fylket, Kristin Sørheim.


Det var måndag morgon ferja «Nordmøre» på strekninga Solholmen - Mordalsvågen fekk tekniske problem. Erstatningsferja «Årdal» var ikkje på plass i sambandet før klokka 15 tirsdag. I mellomtida gjekk Aukra-ferja i begge sambanda, noko som førte til sterke reaksjonar frå både leiar i samferdelsutvalet i fylket, Kristin Sørheim frå Sp og stortingspolitikar Helge Orten (H) frå Midsund.


Stortingspolitiker Helge Orten kritiserer ferjerederiet Fjord 1 for treghet med reserveferje

– Velger dårligste løsning

Når ei av ferjene mellom fastlandet og øykommunene Midsund og Aukra får trøbbel og det opprettes trekantsamband, får to kommuner et dårligere ferjetilbud. Ikke godt nok, mener Helge Orten.