Nye Storlihytta litt etter skjema, men planen er ferdigstilling i 2019

Grunnen er klar – manglar enno pengar

Grunnmuren er klar, etter ferien begynner tømmerarbeidet på nye Storlihytta. Turistforeninga håper på fleire glade givarar.

SOKKEL KLAR: Glade givarar i Bolsøy helselag; (f.h.) Dag Brekke, Gunvald Krüger-Johnsen, Aud Hoel, Øyvind og Jorunn Ukkelberg, har gitt 250.000 kroner til nye Storlihytta. (F.v.) Mette Kamsvåg og Maria Holo Leikarnes, styreleiar og dagleg leiar MRT, er glade for det, og håper fleire vil bidra. Prosjektleiar Ivar Sæther (nr 3 f.v.) lover hytta klar i løpet av året.   Foto: ANITA VINGEN

Nyheter

MOLDE: – Veldig artig og spennande. No håper vi berre at arbeidet framover vil gå radig så vi kan halde tidsplanen, og at vi får med enda fleire til å hjelpe oss med økonomien. Det seier Maria Holo Leikarnes, dagleg leiar i Molde og Romsdal Turistforening, MRT.