Politiet ute på sjøpatrulje i sommar i samarbeid med Statens naturoppsyn og Kystvakta

Jaktar ulovleg fangst, promille og vestskulk

Når politiet i Romsdal i sommar går til sjøs, er målet både å stoppe dei som bryt lover og reglar på sjøen, og å jobbe forebyggande.

SJØPATRULJE: Politi i Molde var onsdag ute saman med Statens naturoppsyn. (F.v.) Cecilie Valved, koordinator Økonomi- og miljøavsnittet Molde politistasjon, politibetjent Silje Ugelstad, politijurist Sandra Grøtta Krakeli, og Ivar Øyen, Statens naturoppsyn.  Foto: ANITA VINGEN

Nyheter

– Vi har med både blokka for å skrive ut forelegg, og vi har med premiar til dei som er flinke å bruke vest, seier Cecilie Valved, koordinator ved Økonomi- og miljøavsnittet ved Molde politistasjon.