– Vil bruke nettverket eg har opparbeidd

Lodve Solholm går inn i kampen mot deponi for farleg uorganisk avfall på Raudsand. Han vil bruke erfaring og nettverk frå politikken og tida som fylkesmann – og ser ingen problem med det.

NYTT VERV: Tidlegare fylkesmann Lodve Solholm tek over som styreleiar for organisasjonen « Jeg velger meg et giftfritt Nesset» – og avviser at rolle-kombinasjonen kan vere problematisk. Bildet er tatt tidlegare.   Foto: BJØRN BRUNVOLL

Nyheter

«Jeg velger meg et giftfritt Nesset» heldt før helga årsmøte, og valde tidlegare fylkesmann Lodve Solholm som ny styreleiar etter Kristin Sørheim. Ho held fram i styret som nestleiar.