– Vemodig om den blir lagt ned

8-10 interessentar melde seg, men ingen har lagt alvor bak ønsket om å ta over drifta av Gossen sin einaste bensinstasjon. – Vi avviklar om to veker om ingen melder seg, seier eigar Elias Huse Eikrem.

Trist: Om ingen melder seg interessert, stenger vi dørene på Autosenteret Aukra om eit par veker, fortel eigarane Elias Huse Eikrem og Jannicke Tufteland Aarbø. – Det er vemodig å tenke på, vi har storkosa oss i jobben, seier dei. 

Nyheter

Fleire har meldt interessa si om å ta over Gossen sin einaste bensinstasjon, CircleK i Bakkemyra. Men ingen har lagt inn bud, og dermed ser eigar Elias Huse Eikrem og kona Jannicke seg nøydd til å avvikle.