Ungdommen imponerte politikarane i Vestnes

I starten av møtet på kommunestyret i Vestnes torsdag, orienterte Ungdomsrådet om saker dei arbeider med.

Stipend: Ungdomsrådet saman med Camilla Vik Nygård (t.v.) og Sara Karadash som mottar ungdomsstipendet og blir gratulert av ordførar Geir Inge Lien.  Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

Vestnes: Ein etter ein stod ungdommane fram på talarstolen med godt førebudde innlegg. Med stort engasjement vart det understreka at no må kommunen satse på skule. Her er ny ungdomsskule på Helland ei heit sak. Skyssordninga med heim for ein 50-lapp er populært, det er eit viktig tiltak både for at ungdom skal komme seg trygt heim på ein trygg og forsvarleg måte. Miljø er også ei sak ungdomsrådet tar på stort alvor.

Møteteknikk var eit tema om fekk politikarane til å dra på smilebandet og ta lærdom av. Her vart det fortalt korleis ein skal gå fram når ein ønskjer ordet i forsamlingar, her har mange i salen noko å lære av ungdommen.

Til slutt var det utdeling av Vestnes kommune sitt ungdomsstipend. Desse gjekk til to jenter: Camilla Vik Nygård frå Tomrefjord for sine prestasjonar som vektløftar og Sara Karadash frå Vestnes som karateutøvar, begge på høgt nivå. Stipendet er på 7500 kroner, som blir delt mellom dei to jentene.