Arbeider for å redusere fartsgrensa gjennom Julsundet:

– Eit viktig virkemiddel

Ein frustrert julsunding fikk Aukra Venstre til å skrive til vegmyndigheitene for å få redusert farta gjennom Julsundet. No har dei fått Statens vegvesen til delvis å snu.

Snudde Vegvesenet: – Tommelen opp for 70-sone gjennom Julsundet, seier f.v. Rita Rognskog, Olav Myrseth Oterhals og Monica Rishaug i Aukra Venstre, som har bidratt aktivt til fartsreduseringa på den ulykkesutsette strekninga. 

Vi er kjempefornøgd med å få sett i gang ein prosess, og ser at det er mulig å nå fram

Rita Rognskog
Nyheter

Aukra: Trafikksituasjonen gjennom Julsundet har vore ei utfordring, både for innbyggarane på fastlands-Aukra og for Aukra kommune i ei årekke, og gjentatte henvendelsar til Statens Vegvesen for å få redusert fartsgrensa frå 80 til 60 km/t har ikkje nådd fram.

Så tok Aukra Venstre saka i eigne hender:

– Vi fekk ei henvending frå ein svært frustrert innbyggar på Julsundet og bestemte oss for å skrive eit brev til Samferdelsavdelinga i Fylkeskommunen, Statens vegvesen, Sam- ferdsleutvalet sin leiar og Trafikktryggingsutvalet. Dette sende vi i februar. Vi har sjølvsagt purra på og følgd opp, og 28. mai kom Statens vegvesen si tilråding opp som referatsak i Fylket sitt trafikktryggingsutval. Då skjønte vi at saka endeleg var tatt på alvor, seier Aukra Venstre sin ordførarkandidat Rita Rognskog.

Nedadgåande trafikkvekst

I brevet syner dei til markant nedagåande trafikkveks i området. No har Statens vegvesen kome med ein uttale i saka:

– Vi har gått gjennom ei strekning på 3 km på fylkesveg 662 og fylkesveg 215. Utfrå ei samla vurdering vil vi tilrå ei fartsgrense på 70 km/t på denne strekninga, skriv saksbehandlar Vidar Neraas i Statens vegvesen i ein uttale framlagt i fylket sitt trafikktryggingsutval 28. mai.

Tilrådinga vil bli sendt på høyring til politiet, fylkeskommunen og kommunen, men for Aukra Venstre var dette i alle fall ein halv seier, sidan dei opprinneleg ønska 60 km/t gjennom Julsundet.

– Vi er kjempefornøgd med å få sett i gang ein prosess, og ser at det er mulig å nå fram, seier Rita Rognskog.

– Vi må sjølvsagt følge opp vidare, slik at saka ikkje stoppar opp, men forhåpentlegvis kan dette føre til mindre fart og færre ulykker, og det kjennes godt. Julsundet er eit område i vekst, og med auka aktivitet og stor gjennomgangstrafikk vil dette vere eit viktig virkemiddel for å redusere ulykkestala, legg ho til.