Erdal sluttar som klinikksjef – blir fagleg leiar for innføringa av Helseplattformen i HMR

Henrik Erdal fekk sterk kritikk frå Kristiansund etter at han sa at føden i Molde har betre kvalitet enn føden i Kristiansund.

STO I STRIDEN: Som kjent fekk Henrik Erdal sterk kritikk frå Kristiansund etter at han i eit styremøte foreslo felles fødeavdeling i Molde, og sa at føden i Molde har betre kvalitet enn i Kristiansund. Ved sjukehuset i Kristiansund var det fleire som kravde at han skulle gå av. No blir han «plattformsjef» for Helseplattformen i Møre og Romsdal.  

Nyheter

Det er Helse Møre og Romsdal som no melder at Henrik Erdal, klinikksjef for kvinner, barn og ungdom, blir fagleg leiar for innføringa av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal. Han går inn i stillinga frå 1. august.

Som kjent fekk Erdal sterk kritikk frå Kristiansund etter at han i eit styremøte foreslo felles fødeavdeling i Molde, og sa at føden i Molde har betre kvalitet enn i Kristiansund. Ved sjukehuset i Kristiansund var det fleire som kravde at han skulle gå av.


Klinikksjef Henrik Erdal om å samle fødeavdelingene ved Molde sjukehus:

– Dobbelt så mange keisersnitt i Kristiansund som i Molde

Ut fra faglige hensyn bør fødeavdelingene samles ved Molde sjukehus. Slik oppsummerte klinikksjef Henrik Erdal forslaget om å ha ei fødeavdeling for Nordmøre og Romsdal.



Om fem måneder får Molde sjukehus føden for hele Nordmøre og Romsdal

– Så trygt som det kan bli

Molde sjukehus får fødeavdelinga fordi sjukehuset har det største fagmiljøet innen anestesi, og har bløtdelskirurger til stede. – Kvinner med lengst reiseveg, får bo på hotell siste uka før termin, sier klinikksjef Henrik Erdal.

 

Blir fagleg leiar

I meldinga onsdag skriv føretaket at Erdal over lang tid har vore opptatt av arbeidet med å utvikle betre journalløysingar. Han har hatt fleire sentrale roller både i lokalt og regionalt arbeid knytt til kvalitetsarbeid, fagutvikling, digitalisering og standardisering.

Erdal blir fagleg leiar for arbeidet med Helseplattformen, og assisterande fagdirektør i Helse Møre og Romsdal der han blir ein del av leiargruppa.

«Erdal får med seg eit sterkt team av medarbeidarar som skal leie og koordinere innføringsprosjektet i HMR», skriv HMR i pressemeldinga.

– Ein fantastisk moglegheit

– Å få vere med på å utvikle og innføre ei felles journalløysing er ein fantastisk moglegheit eg ikkje kunne seie nei til. Med Helseplattformen vil vi kunne ta i bruk nye IKT-verktøy som vil gjere kvardagen enklare og betre både for pasientane og dei tilsette. Eg gler meg til det vidare arbeidet, seier Erdal i meldinga.

Stillinga som klinikksjef for kvinner, barn og ungdom vil bli lyst og ein jobbar no med å få på plass ein konstituert klinikksjef i ein mellomperiode.

Vil styrke arbeidet

Fagdirektør Torstein Hole kommenterer tilsettinga slik:

- Henrik vil med si erfaring frå klinisk arbeid og som klinikksjef i HMR, styrke arbeidet med å utvikle og innføre ny pasientjournal. Han har god kunnskap om arbeidet med Helseplattformen og vil bidra til at førebuingane og innføringa av løysinga blir god for Helse Møre og Romsdal.

Fleire tilsette i Helseplattformen

Av andre tilsette i prosjektet med å innføre Helseplattformen i fylket, skal Kirsti Hamar erstatte Anne-Lise Sagen Major i ei 100 prosent stilling som lokal innføringsleiar frå 1.august.

Anne Marita Vågan blir tilset som fagansvarleg lege i 50 prosent stilling, medan Geir Vikestrand får stillinga som fagansvarleg sjukepleiar i 50 prosent stilling i prosjektet.