Desse fire får levere tilbod på nytt akuttsjukehus

Betonmast AS, Hent AS, Skanska Norge AS og Veidekke Entreprenør AS får levere tilbod på fellessjukehuset på Hjelset.

FRIST ER 12. JULI Fire entreprenørar får levere tilbod på nytt, felles akuttsjukehus på Hjelset. Fristen for å levere tilboda, er 12. juli. Fellessjukehuset på Hjelset blir eit stort akuttsjukehus med både somatikk og psykiatri.  Foto: Illustrasjon: Helse Møre og Romsdal

Nyheter

Det var fem entreprenørar som søkte om å få bli kvalifisert til å gi tilbod på oppdraget med å bygge nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal.


Fem entreprenørar vil bygge akuttsjukehuset på Hjelset

Dei fem har søkt om å bli kvalifisert til å gi tilbod på oppdraget.


Den siste veka har prosjektorganisasjonen nytta til å finne ut kor mange av desse som fyller krava til å få levere tilbod.

No er dette klart, skriv helseføretaket i denne pressemeldinga:

«I konkurransen om å bygge nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal blir fire firma invitert til å levere tilbod. Eit firma blei ikkje kvalifisert til oppdraget.

– Vi inviterer fire solide og erfarne entreprenørar med vidare i konkurransen. Alle fire kan tilby god kompetanse og kan vise til vellukka referanseoppdrag som er gjennomført som totalentrepriser med samhandling. Vi er optimistiske for det vidare arbeidet og ser fram til å få tilbod frå entreprenørane, seier Knut Ragnar Heimdal, prosjektdirektør for SNR.


Avviser all tvil om nysjukehuset

- Det nye sjukehuset på Hjelset vil bli bygget. Derom er det ingen tvil, sier styreleder IngveTheodorsen i Helse Møre og Romsdal.

 

Tilbodsfrist 12. juli

Dei utvalde aktørane som er invitert med vidare er Betonmast AS, Hent AS, Skanska Norge AS og Veidekke Entreprenør AS.  Dei får frist fram til 12. juli til å komme med tilbod på bygging av akuttsjukehuset på Hjelset.

– Vi vil bruke sommaren til å evaluere innkomne tilbod, og i august vil vi gjennomføre intervju og eventuelle forhandlingar med entreprenørar. Etter planen vil vi inngå kontrakt med ein entreprenør i september - oktober i år, seier Heimdal.

Skal kutte kostnadar

Konkurransen, som er ein totalentreprise med samhandling, har ein budsjettramme på 2,1 milliardar kroner. Sentrale oppgåver i det vidare arbeidet blir å utvikle og optimalisere prosjektet innanfor den økonomiske ramma utan å endre funksjonar og kapasitet som er vedteke i forprosjektet.

Ein del av løysinga for HMR

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) blir rekna som eit av dei viktigaste prosjekta i Midt-Norge. I tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset, vil SNR bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Fellessjukehuset på Hjelset blir eit stort akuttsjukehus med både somatikk og psykiatri.

Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt til 2020 og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. halvår 2024.»


Økonomidirektør Heidi Nilsen i Helse Møre og Romsdal om den pressa økonomien i helseforetaket:

– SNR er bare én av grunnene til den store omstillinga

Har nytt akuttsjukehus på Hjelset skylda for dagens kraftige kutt i helseforetaket? Eller er SNR løsninga på foretakets økonomiske krise? Dette svarer økonomidirektøren.

 

Helse Midt-Norge investerte 50 kr hvert eneste sekund i 15 år

Helsebygg for 20 milliarder

Siden Helse Midt-Norge ble født, har regionen sørget for helsebygg og andre store investeringer i alle de lokale helseforetaka. Nå står blant annet SNR på Hjelset for tur.

 

Fem entreprenørar vil bygge akuttsjukehuset på Hjelset

Dei fem har søkt om å bli kvalifisert til å gi tilbod på oppdraget.