Nå blir det mobildekning i Trollstigen

Sjekk hvem som vant anbudet til Statens vegvesen.

Telia skal bruke solceller og vindturbinar for halde nettet i gang. Telia tek sikte på at mobilnettet er oppe frå 2020,  Foto: Eirik Heen

Nyheter

- Det er svært gledelig at vi no får mobildekning i og rundt Trollstigen. Dette gjer det enklare å kome i kontakt med naudetatane og veghjelp ved hendingar på og langs vegen. Vi sørger for ei tryggare reise for både næringsliv, turistar og folk flest i området, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i en pressemelding fra Regjeringa.no.

Statens vegvesen utlyste i fjor eit anbod om å bygge ut mobildekninga på fylkesveg 63 frå Trollstigplatået og mot Langdalen i Møre og Romsdal. Telia vann anbodet.

- Regjeringa sørger no for utbygging av dekning for tale og 4G i eit område der tusenvis av turistar ferdast om sommaren. Naudnettet vil også fungere på same nettet, noko som vil være med å auke beredskapen på strekninga. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) bidrar med tilskot til utbygginga, i tillegg til det Telia går inn med sjølv, seier digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Det har lenge vore etterlyst betre mobildekning på strekninga frå Trollstigen og innover fjellet. Det er utfordrande å få mobildekning langs vegstrekninga fordi ho er stengt store delar av året. Nasjonalparken gjer det òg vanskeleg med strømtilførsel.

Derfor skal Telia bruke solceller og vindturbinar for halde nettet i gang.

Telia tek sikte på at mobilnettet er oppe frå 2020, opplyser Regjeringen.no.

Les også:


Tilbake til mobiltelefon i Trollstigen

I sommar vart det bestemt at ein skulle montere naudtelefonar i Trollstigen. No vil ein i staden ha mobilnett.

 

Trollstigen:

Skal finn tiltak for å sikre kommunikasjon

Flere fagetater skal sammen med Møre og Romsdal fylkeskommunen se på tiltak for å sikre kommunikasjon mellom trafikkanterog nødetater på Trollstigen.