Fem entreprenørar vil bygge akuttsjukehuset på Hjelset

Dei fem har søkt om å bli kvalifisert til å gi tilbod på oppdraget.

FEM VIL LEVERE TILBOD: Det er ikkje sikkert at sjukehuset på Hjelset vil sjå ut slik som på denne velkjende illustrasjonen. Når entreprenør er valt, vil det bli ein prosess med å kna prosjektet for å få det innanfor ei økonomisk ramme på 2,1 milliardar kroner.   Foto: Illustrasjon: Helse Møre og Romsdal

Nyheter

Totalt fem totalentreprenørar har søkt om å bli kvalifisert til å gi tilbod på oppdraget med å bygge nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Fristen for å kvalifisere seg var kl.12.00 i dag, tirsdag.

Vi er godt nøgd med at solide og erfarne firma ønsker å gi tilbod på oppdraget. Vi vil no gå gjennom søknadane, vurdere dei opp mot kvalifikasjonskrava og velje ut inntil fem entreprenørar som blir invitert til å levere tilbod innan fristen 12. juli, seier prosjektdirektør Knut Ragnar Heimdal i ei pressemelding frå helseføretaket.

– Kven er dei fem?

– Det får du ikkje vite no. Men alle er solide og velrenommerte, seier Heimdal til Rbnett.

Han fortel at planen er å bruke resten av veka på å gå gjennom søkarane og sjå på kven av dei som får bli med vidare og levere tilbod.

– Når det er klart, går vi ut med namna, og da startar sjølve konkurransen. Konkurransen er i seg sjølv veldig tid- og kostnadskrevjande, det er derfor vi bruker prekvalifisering som fyrste trinn. Det er sånn staten gjer det i slike store prosjekt, seier Hiemdal.

12. juli er altså fristen for å levere tilbod på såkalla totalentreprise med samhandling.

Skal kutte kostnadar
Konkurransen har ein budsjettramme på 2,1 milliardar kroner.

Sentrale oppgåver i det vidare arbeidet blir å utvikle og optimalisere prosjektet innanfor ramma. Ein vil sjå på og vurdere ulike kostnadsreduserande tiltak utan å endre funksjonar og kapasitet som er vedteke i forprosjektet, skriv helseføretaket i meldinga. 

Gjennom ein samhandlingsfase skal entreprenøren – saman med prosjektorganisasjonen og tilsette i Helse Møre og Romsdal – finne tiltak som sikrar gode løysingar og ei forsvarleg økonomisk gjennomføring av prosjektet.

Vi søker etter eit firma med solid utviklings- og samhandlingskompetanse og som har ein klar plan for korleis prosjektet skal gjennomførast. Målet er å inngå kontrakt med ein av entreprenørane hausten 2019, seier Heimdal.

Ein del av løysinga for HMR
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) blir rekna som eit av dei viktigaste prosjekta i Midt-Norge.

I tillegg til akuttsjukehuset på Hjelset vil SNR bestå av eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund.

Fellessjukehuset på Hjelset blir eit komplett somatisk akuttsjukehus inkludert psykisk helsevern.


Økonomidirektør Heidi Nilsen i Helse Møre og Romsdal om den pressa økonomien i helseforetaket:

– SNR er bare én av grunnene til den store omstillinga

Har nytt akuttsjukehus på Hjelset skylda for dagens kraftige kutt i helseforetaket? Eller er SNR løsninga på foretakets økonomiske krise? Dette svarer økonomidirektøren.

Byggestart for akuttsjukehuset er planlagt til 2020, og ein forventar full drift ved sjukehuset 1. halvår  2024.

Økonomidirektør Heidi Nilsen i Helse Møre og Romsdal om den pressa økonomien i helseforetaket:

– SNR er bare én av grunnene til den store omstillinga

Har nytt akuttsjukehus på Hjelset skylda for dagens kraftige kutt i helseforetaket? Eller er SNR løsninga på foretakets økonomiske krise? Dette svarer økonomidirektøren.



Helse Midt-Norge investerte 50 kr hvert eneste sekund i 15 år

Helsebygg for 20 milliarder

Siden Helse Midt-Norge ble født, har regionen sørget for helsebygg og andre store investeringer i alle de lokale helseforetaka. Nå står blant annet SNR på Hjelset for tur.