Hadde omsetning på over 300 millionar i fjor:

Brunvoll Volda AS går som ein propell

Gir- og propellprodusenten i Volda vart kjøpt opp av Brunvoll-konsernet i 2017. No kan verksemda vise til dei beste resultata på mange år.

GODE DAGAR: Det er etter alt å dømme solskinn hos Brunvoll Volda AS for tida.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

(Smp:)Brunvoll Volda AS hadde ei omsetning på over 300 millionar kroner i 2018. Det er om lag 63 millionar meir enn i 2017. Ein må heilt tilbake til 2010 for å finne eit år med høgare omsetning.