Hav møter himmel på Røaleira

Hundrevis av meter med langgrunn sandstrand, med rolige bølgeskvulp, motordunk frå leia der hav møter himmel, måsen som leikar seg i strandkanten. Kvifor ikkje tilbringe dagen, og kanskje natta, på vakre Røaleira på Gossen og fange den fantasiske solnedgangen?
Nyheter

Røaleira er ei av fleire vakre sandstrender på Gossen, plassert vest på øya mellom Rød og Oterhalsen. Med meir enn 800 meter langgrunn sandstrand, velstelte plenar med grillar og benkar, ly for skifte til badetøy, og toalett og dusj i umiddelbar nærheit, gir området alt ein familie kan trenge for å tilbringe dagen, og natta, i dette vakre fuglefredingsområdet.